I oktober i fjor vart den nedlagte Todalen skule lagt ut for sal for 1 krone. Todalen Meieri var einaste interessent som ville kjøpe skulen. Etter forhandlingar mellom meieriet og kommunen, har også barnehagebygget blitt ein del av salet. Todalen barnehage vart nedlagt av kommunestyret tidlegare i år, og bygninga blir i dag nytta til bustad for flyktningar. I kommunedirektøren si innstilling til formannskapsmøtet tysdag 7. mai, rår han formannskapet til å gjere vedtak om også å selje barnehagebygget. Prisen for barnehagebygget er etter takst sett til 650.000 kroner.
Kommunedirektøren si innstilling:
1. Surnadal formannskap vedtek å selge eigedomane som inneheld Todalen skule og Todalen
barnehage til Todalen Meieri AS.
2. Surnadal kommune har ein gjenkjøpsrett til indeksregulert salspris (650.001,- + KPI) dersom planane
ikkje er iverksett innan to år frå salskontakten er underteikna.
3. Salssum blir sett til kr 650.001, og andre omkostningar som gjeld salet skal betalast av kjøpar.
4. Gjeldande heftingar knytt til eigedomen er avklart med kjøpar, og vidareførast til ny eigar.
5. Surnadal kommune har rett til å leige tilbake frå kjøpar det som var Todalen barnehage i minimum 2
og maksimum 5 år til gjengs leige.
6. Kommunedirektør og ordførar får mandat til å fastsette endeleg kjøpekontakt og gjennomføre salet.
Heile saksframlegget til formannskapet 7. mai – Sal av Todalen skule og barnehage