Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fann 5000 år gammel reiskap ved Toåa tursti

Jon Olav Ørsal Sundag 30. april 2023

Siv Halle var ut på trimtur i Toåa tursti da ho gjorde eit interessant funn sist fredag.  Ho tok ein pause ved gapahuken i Gunnøya som ligg like ved turstien som går frå Halsabrua og oppover til Bønnavollan like ved kyrkja.  Ho brukar å finne nokre steinar på elvaøra framfor gapahuken som ho legg på pyramiden som ligg der.  Da oppdaga ho at ein av steinane var litt spesiell, og likna på ein pilspiss eller spydspiss – og var heilt tydeleg menneskeskap og forseggjort. 

Siv trur at spissen er laga av skifer og at den er rundt 5000 år gamal – enten er det ein pilpiss eller ein spydspiss. Foto Jon Olav Ørsal

Siv tok derfor kontakt med ein kjenning frå skuletida på Gjermundnes landbruksskule, og fekk da ei anbefaling om å ta kontakt med fylkesarkeolog Bjørn Ringstad i MR-fylke for å få råd om kva ho skulle foreta seg. Siv sendte over bilde og litt info til Ringstad.  Bjørn Ringstad tippa etter utsjånad at det var ein pilspiss eller spydspiss av skifer, og tippa at det kunne være rundt 5000 år gamal  – altså frå yngre steinalder. 

Siv fann spissen på elveøra rett nedafor gapahuken i Gunnøya. Foto Jon Olav Ørsal

Fylkesarkeologen ville sjå nærare på skifer-spissen for å sjå om dei kunne finne ut litt meir om korleis han har vore bruka og kvar han har kome frå.  Vi veit at det er mange fangstgraver rundt omkring i Todalsfjella, så det er nok mulig at den er komen nedover til Gunnøyøra i samband med ein eller anna flaum, men elles blir det nok berre tipping.  Kulturvernlova fastslår at skiferspissen er statens eiendom, men kva som skjer vidare med den veit ikkje Siv noko om enno, men ho er litt spent på kva det blir til. 

Her mellom steinane låg skiferspissen heilt framme i dagen. Den har nok kome med ein flaum tidlegare i år. Foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 30. april 2023, 17:22