Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fane i hus, men fanesaka er fortsatt kvinnehelse

Elinor Bolme Laurdag 16. mars 2019

Torsdag kveld var eit 20 tals medlemmar i Todalen sanitetsforening samla i sanitetshuset for månadens medlemsmøte. Kvelden bydde på fleire overraskelsar for dei frammøtte, deriblant framsyning av den splitter nye fanen som var bestilt for ei tid tilbake. Dette har vore eit sakn for foreninga, som no ser fram til debuten i årets 17. maitog.

Fokus på vekst og aktivtet

Under denne kveldens medlemsmøte hadde foreninga besøk av Lena Lerang frå sentralleddet i forbindelse med at foreninga er med i eit spleiselagsprosjekt for å øke aktivitet og rekruttere nye medlemmer. Prosjekleiar Lena Lerang hadde tidlegare i veka hatt tilsvarande møter både i Volda og Molde, for å bistå foreningar til å få ny giv, rekruttere fleire nye medlemmer og ikkje minst få nye OG gamle medlemmer til å bli aktive medlemmer. Dei aller fleste forenigane klarar å rekruttere medlemmer til sine lokallag og organisasjonen generelt, men utfordringane jamnt over heile landet er  å få engasjer dei nye til å bli aktive medlem, fortel Lerang. -Vi må kanskje tørre å snu litt på korleis vi er organisert i aktivitetane våre med tanke på å få med oss dei yngre medlemmane. Både dei som enno er yrkesaktive og dei som er litt eldre.

Lena Lerang fra NKS sitt sekretariat var på besøk for å inspirere til å få med fleire aktive medlemmer. Av og til må små enkle grep til for å få nye til å komme inn i fellesskapet.

Reduserer matserveringa

Styret i foreninga kom derfor med eit nytt konkret forslag for å kanskje få med nye aktive medlemar i foreninga. Frå og med neste medlemsmøte ønska dei at matserveringa skal ned på eit minimunsnivå. Heilt enkel servering av kaffe og bakels med syltetøy ved borda. Forslaget vart kanskje ikkje motteke med stor jubel, men styret tykkjer det er viktig å redusere dette arbeidet om det er det som skal til for at fleire kan komme til foreninga og bli aktive. 

Langbord og kveldsmat har vore eit populært innslag under medlemsmøta, men foreninga ser at dette kan vere ein av grunnane til at nokon kan vegre seg for å bli aktiv sanitetskvinne. -Vi er avhengige av at det «veks oppi att» aktive medlemmer, derfor må vi ta signala vi får for å påverka dette seier leiar Maren Ansnes.

Årets kunstlotteri

Ragnhild Ansnes hadde fått i oppdrag å finne eit høveleg kunstverk til Årets kunstlotteri for foreninga. Dette brukar å være frå ein lokal kunstnar, og denne gongen fall valget på Marit Bergem frå Sunndal som no bur i Sandefjord. Bildet heiter «Bærekraftig», og symboliserer nok litt den rolla sanitetskvinnene har både i Todalen og elles.

Det går allerede no an å ta lodd på kunstlotteriet via Vipps. Send ønska beløp til 101456 og skriv navnet ditt i betalinga. 10 kr pr nummer.

Og skulle du ønske å bli medlem er det berre å melde seg inn her, og velgje dei ulike alternativa: Bli medlem

Ønsker du å bli eit aktivt medlem i Todalen er du hjerteleg velkommen til neste møte som er i Todalen sanitetshus 9. april kl 18.30 oppfordrar styret.

 

 

Først publisert: 16. mars 2019, 05:00 - Sist oppdatert: 15. mars 2019, 20:46