13 mann med stort og smått møtte opp på Matkroken i dag for å bli med på Trimgruppa i Todalen IL sin fellestur til Strengen. Arrangørene hadde på tidspunktet allerede hatt ein utsending på Strengen på morgonkvisten for å sjekke verforholda på toppen (les: Marit Haugen), så gjengen for avsted med betre verutsikter enn det som var på tidspunktet i Todalen.
Slik ca 70 år mellom eldste og yngste deltakar gjorde at turen gjekk i eit behageleg, moderat tempo. Jorid Haugen Ansnes var innhyra som kjentmann, og orienterte om seterstølar, skogsteigar og anna relevat som dukka opp undervegs.
Det såg litt dystert ut slik utsiktsmessig ved start, men skodda letta litt utover, så sikta var mesta grei nok når mannskapet kom til topps etter vel 4 kilometer og 2,5 time.
Under er nokre bilder frå turen. Alle foto ElinorB