Søndag 5.juni arrangerer trimgruppa og ski- og friidrettsgruppa familietur. Det er oppmøte og parkering på Bruset og turen startar kl. 15.00.
Her er det fleire turalternativ:
Gå heile Storhaugrunden – på Storhaugen har både trimgruppa og Stikk UT! trimbok, eller gå direkte inn til Fosstrøinn. Det er og fint å gå inn Ramsøydalane og over eleva på Fillipbrua til Fosstrøinn eller legge turen om Hengebrua. Riktig idyllisk å gå utover på sørsida av elva frå Hengebrua til Hafallmelen og så til Fosstrøinn.

Fin trim å legge turen om Storhaugen! Foto: Dordi J H
Det blir servert pølser med brød ved gapahuken i Fosstrøinn. Alle må ta med anna mat og drikke sjølve. Det er lurt å ha med noko å sitje på.
ALLE ER VELKOMNE TIL Å BLI MED PÅ TUR!

Triveleg å vere på tur i lag. Foto: Dordi J H