Søndag 6 mars klokka 18:00 inviterer Erik Mogeno til ei reise i si verd på Surnadal kulturhus. Da kan alt skje, og det blir garantert artig! Han har mora gamle og unge gjennom 2300 forestillingar, og likevel er ikkje Erik Mogeno meir enn 29 år! Han er kanskje mest kjent som buktalar, men driv også med trylling og magi.
Sams for alt han driv med: det skal vere artig og det skal engasjere – og det skal det gjera både for dei som er fire og dei som er fire-og-sytti år.
Kaninen Kalle blir sjølvsagt med til Surnadal, og med på reisa er også den hypre dragen Louie – samt fleire andre.
Erik Mogeno vil også trylle og drive med magi, og kanskje treng han hjelp frå akkurat deg til det?
Billetter til forestillinga kjøper du her: «Familieshow med Erik Mogeno»
Surnadal kulturhus ønsker alle velkomne til ei artig oppleving for heile familien!