Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Familiedag med svartkrutsmell…

Jon Olav Ørsal Sundag 26. juni 2016

Surnadal jeger og fiskeforening og Surnadal skytterlag arrangerte famileie dag med fokus på skyting på Angråmyra søndag føremiddag. Det er første gong at det er sett skyting på dagsorden som ein del av programmet under laksefestivalen, men dagens arrangement trur vi ga meirsmak. Alle som ønska fekk prøve seg på skyting, og vi trur det var mange som fann seg godt tilrette i det trivelege skyttarmiljøet.

DSC_1425

Felthurtigskyting og Stangskyting var demonstrert for publikum som hadde benka seg på tribunane. Foto: Jon Olav Ørsal

Sjølv om det er konkurranse og kamp om medaljene har det alltid vore slik i skyttarmiljøet at ein hjelper kvarande og støttar kvarande. Og det sette nok ein ekstra spiss på arrangementet at dei som driv aktivt i skytesporten var med og demonstrerte og forklarte korleis ting foregår.  Og under kyndig veiledning var det nok mange potensielle skyttarar og jegrar som trefte sin første blin eller si første lerdua på denne familiedagen som hadde ein barnevenleg profil.

Tor Fredrik Mikkelsen gjer seg klar for felthurtigskyting. Foto: Jon Olav Ørsal

Her var det anledning til å prøve både rifleskyting og hagleskyting, men det var også tid til å kose seg med grillmat eller nystekte vaflar til kaffen eller safta etterpå. På tampen av arrangementet fekk vi demonstrert korleis det foregår når dei deltak i konkurranser. Det var både felthurtigskyting, stangskyting, svartkrutskyting, skyting på løpande elg, jegertrap og lerdueskyting. I Surnadal er det fleire som deltek på høgt nivå i slik skyting, vi kan berre nemne Tonje Fuglås Kvendbø, Sigurd Strand og hans Torslett.

Vi har laga eit bildegalleri frå familiedagen på Angråmyra søndag.    Alle foto. Jon Olav Ørsal

Publisert: 26. juni 2016, 20:18