Vi har fått melding om at vegen opp Falla er stengt på grunn av ras. Vegen har enno ikkje rasa ut, men det er gått ras på nersida av vegen, og utover ekra ved Falløya. Det er no folk på veg frå Surnadal kommune for å avklare situasjonen og sikre området. Det har vært mykje regn dei siste dagane, og dette er nok årsaka til at massane er ustabile. Vegen opp Gammelfalla er også stengt på grunn av rasfare. Vi kjem att med meir informasjon når sistuasjonen er avklart.