Denne veka har det pågått anleggsarbeid på vegen opp Falla. Det er Per E. Gjeldnes Maskin som har jobba med prosjektet og fredag ettermiddag var det klar til å sett på trafikk på vegen. Da er er det lagt fjell i bunnen av fyllinga, og deretter fylt opp med grov elvamasse og vanleg fyllmasse til slutt. Per har lang erfaring med vegbygging, og han seier at raparasjonen vart både rimeleg og solid, og han garanterer vegen for all slags trafikk. Så no startar Kårvatn fjellutstyr på igjen med sesongsalget som dei måtte avbryte før påske.
Butikken til Kårvatn fjellutstyr er open laurdag og butikken bugnar over av varer som gjerne vil «skifte eigar» skriv Kårvatn Fjellutstyr i ei Facebook-melding. Her finn du link til heimesida for Kårvatn Fjellutstyr.
Her finn du ein bildeserie frå arbeidet på Dalavegen i Falla denne veka. Alle foto: Jon Bruset