Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Falla blir opna for fri ferdsel i ettermiddag.

Jon Olav Ørsal Torsdag 22. desember 2016

I løpet av ettermiddagen blir vegen opp Falla opna for fri ferdsel i gjen. Dalavegen har vore stengt sia forrige måndag, da eit ras sette ein stoppar for trafikken opp Falla. Det var store nedbørsmengder som var årsaka til raset, og det tok fleire dagar før ein kunne starte arbeidet med reparasjon av vegen. Dei siste dagane er det gjort grunnboringar i området, samtidig som reparasjon og utskifting av masse har pågått.

Per Gjeldnes Maskin tar finpussen og litt grøftres før trafikken blir sett på Dalavegen i løpet av ettermiddagen. Foto: Jon Olav Ørsal

I ettermdiidag er det altså klart for å sette på trafikk på Dalavegen igjen og dermed blir det mulig å ta den siste innspurten på julehandelen for Kårvatn Fjellutsyr som har vore henvist til handel via nettbutikken i den perioden vegen har vore stengt.

Per Gjeldnes Maskin jobba i føremiddag med grøfterens og finpuss av vegen opp Falla, og når dette arbeidet blir avslutta er det klart for å opne for fri ferdsel.

Siste innspurt på arbeidt med grunnboring i rasområdet. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 22. desember 2016, 13:33