Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Faktura for støttemedlemskap i postkassen snart

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 12. juli 2021

Da er tida inne for å fornye støttemedlemskap sitt i Todalen.no. Faktura for støttemedlemskap vil difor dukke opp i postkassen i løpet av dei to neste vekene. Støttemedlemskapet kostar kr. 200,-, og kan, i tillegg til å betalast som ordinær faktura via bankkonto, betalast via vipps til 107600 (TODALEN.NO støttemedlemskap). Ved betaling via vipps, oppgje da fakturanummeret eller namn i meldingsfeltet. 

Dersom du ikkje får faktura, men ønskjer å bli/vere støttemedlem, kan du vippse kr. 200,- til 107600. Husk da å skrive namnet på den som skal registrerast som medlem. Har du ikkje vipps, kan du ta kontakt med oss på red@todalen.no, så sender vi faktura. 

Todalen.no oppfordrar alle til å registrere e-postadrassa si på «Todalslista», gå heilt nedst på sida og fyll inn informasjonen din. Du kan og sende inn e-postadressa di til red@todalen.no. Vi oppfordrar òg ALLE som står på «Todalslista», om å sjekke at den registrerte e-postadressa stemmer. 

Publisert: 12. juli 2021, 06:22