Laurdag ettermiddag arrangerte P/T-utvalet fakkeltog for sambygdingane. Det vart tenkt som ei stille markering, og for å samlast til ettertanke etter fleire tragediar og mykje sorg det siste året. I overkant av 80 personar deltok i fakkeltoget, som gikk frå Halsbua og oppover til kyrkja, der det var opne dører for servering av varm drikke til deltakarane.
Vêrgudane var lite samarbeidsvillige, og det kom ein skikkeleg sur regnbyge og sterk vind etter at toget hadde starta og mange av faklane slokna rett og slett. Men vi trur at mange sette stor pris på arrangementet, og tykte det var godt å kome saman og prate og støtte kvarande slik at vi kan hjelpe kvarandre til å leggje dette attom oss og kome vidare.