Kaffekroken på Matkroken Todalen er i dagleg bruk og her blir mangt eit verdsproblem løyst, og nokre nye laga, men framfor alt er kaffekroken ein viktig arena for sosialt samvær og hygge! Tysdag stilte Kjell Gunnar Polden med bakelsrøre og nykoka graut og inviterte til bakels og graut.
– I dag skal vi feire sjølve livet, sa Polden om bakgrunnen for at han hadde teke med seg bakels og graut. Og det var mange som kom innom for å kose seg. – Det vart nesten god gammeldags basarstemning, var ein av kommentarane.
Anders Halset var engasjert som bakelssteikar, ei oppgåve han er godt kjent med, så da visste alle at dette var i trygge hender og at det ville bli gode bakels!