Det er artig å høre på folk som kan sitt fag og er gode til å formidle og dele kunnskapen med andre. Kirsty Mckinnon er ein av dei som passar til denne karakteristikken. Grundig, sakleg og god å høre på. Tysdag kveld var ho på Hageland Surnadal med sitt foredrag om hagebruk og formidla gode råd og mykje kunnskap til eit 50-tals hagebruksinteresserte.
Kirsty snakka med stor respekt for jord og planter og avslørte ein stor kunnskap om jord- og plantestell og korleis den enkelte kunne finne sin måte å drive hagebruk på – det kunne være alt frå ei enkelt pott, og til ein hage på mange mål og med kommersiell drift. Det viktigaste er at du tilpasser til det omfang du sjølv ønskjer og kan trivast med.
I neste omgang kjem spørsmål om sjølvforsyning og gleda av å produsere mat i eigen hage, som i høyeste grad blir kortreist og lokalprodusert og kanskje du da kan droppe alle former for sprøytemiddel. Kanskje du kan ha stor glede av å oppleve insekter og fuglar i hagen – kjøkkenhagen kan nemleg bli eit eldorado for insekt – slik som humler og bier som er spådd ei vanskeleg framtid.
I tillegg får du mosjon og får bruka kroppen din, og kanskje du kan produsere urter eller sunne grønnsaker som kan påvirke helsa di i positiv retning. Kirsty Mckinnon fortalte om krefthemmande vekstar, vitaminrike vektar – for eksempel lavendel som kan ha positiv effekt på blodtrykket, berre så det er nemnt. I din eigen hage har du iallfall eit stort potensiale for både matproduksjon og rekreasjon og berre i ein minihage på ein veranda med pallekrage kan du fort produsere 60-70 kg grønsaker til eige bruk.
Felles hage med andre kan også være eit alternativ som er veldig sosialt, og der deltakarane kan dra nytte av kvarandre og kvarandres kunnskap. Solveig Haglund på Øyamoen ga uttrykk for at ho kunne tenke seg eit slik opplegg. Dersom nokon var interessert i å bli med så var det berre å ta kontakt.
På tampen av kvelden vart det litt om drivhus og enkle knep for å handtere ugras – både med handmakt og med tilpassa vekstskifte. Forskjellige rotsystem krev forskjellig handlemåte med tanke på skadeinsekt, sopp- og sjukdomar som går utover vekst og plantetrivsel. På tampen hadde Mckinnon ein del gode råd med oppaling av småplanter og bruk av lys og varme i veksthus. Når sesongen nærmar seg litt meir er det planer om ein kveld med kompostering og gjødsling.