Det er Byggmakkerbutikkane i Talgø som er vertskap når heile byggfagmiljøet på Nordmøre er samla til byggmesse på Gammelfabrikken. Byggfagmiljøet vil seier at det er invitert snekkarar, entreprenørar, lærlingar og ikkje minst byggfagelevar frå vidaregåande skular på Nordmøre – både Surnadal, Sunndal, Tingvoll og Kristiansund – rundt 70 i talet.
Konrad Våbenø som er prosjektleiar for BM-messa, seier at det er viktig at byggfagelevane får ein slik sjanse til å bli kjent med byggfagmiljøet – både produsentar, forhandlarar og andre folk i snekkarfaget. På denne messa prioriterer vi byggfagelevar og lærlingar og slepper dei til først og så kjem snekkarane hit på tampen av dagen og får litt fagleg påfyll og for å treffe likesinna. – Rundt omkring i Gammelfabrikken er14 leverandørar på plass med stand for å informere om verksemd og produkt.
Våbenø seier at det er viktig at vi «ser» og legg merke til ungdommane som er på veg inn i eit yrkesval, slik at vi kan være med og gje dei ein god start i det yrkesvalet dei har gjort. Byggfag kan også være ein god start for ungdomar som vil vidare til for eksempel ingeniørstudiet
Erik Erland Halle, som er lærar på VK1 Byggfag ved Surnadal vidaregåande skule, sett stor pris på at elevande får lov til å delta på slike arrangement. Det er til stor nytte for oss at elevane, spesielt 2. året, når dei får delta og gjera seg kjent med både produkt, produsentar og byggmiljøet. Her får vi sjå nye og effektive verktøy og hjelpemidlar og nye metodar og metodikk. Eksempelvis nye batteridrivne verktøy som kjem på merknaden etter kvart. I tillegg får dei eit avbrekk i kvardagen som kan være med og gje positive pulsar.
Todalshytta sørga for traktering til heile gjengen – første runde vart det servert Todalsburger med tilbehøyr og neste runde var det ekte cowboymat – det vil seie eit variert utval med grillmat til ein solid grilltallerken til svoltne snekkarar som og var rundt 70 i talet.