Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fabian spelar med flagget på brystet!

Elinor Bolme Sundag 18. november 2018

Fabian Østigård Ness er i skrivande stund på samling på La Manga for U20 landslaget og stiller i troppen som skal spele mot Frankrike i morgon. Fabian sjølv tek det heile med ro, og ønsker ikkje så mykje publisitet rundt dette. Litt må han tåle, da det er mange som har relasjon til han også her på traktene og tykkjer dette er stas.

fotball.no finn vi litt info om samlinga som starta på onsdag denne veka, kor U18, U20 og U21 er på fellessamling i forkant av morgondagens landslagskamp for U20 mot Frankrike. Samlinga er eit ledd i å ta ut troppen som skal delta i VM i Polen i mai 2019. 

Fabian spelar no i sin 3. sesong for A-laget til Grorud IL. Han var ute i forbindelse med korsbandsskade i 2017, men har imponerande trena seg tilbake til landslagsform! I vinter forlenga han kontrakten slik at han no skal spele for Grorud ut 2020-sesongen, i første omgang. 

Trenar Eirik Kjønø sin kommentar om Fabian før sesongstart;
«Fabian fikk fortjent A-kontrakt i fjor selv om han fortsatt bare er juniorspiller. Han var virkelig på god vei før han fikk en kneskade som satt han ut resten av sesongen i fjor. Fabian har gjort en veldig god jobb med å trene seg opp igjen og vil komme sterkt denne sesongen. Han har gode tekniske ferdigheter og kan bli 2. divisjons beste offensive venstre back.»

 

Fabian har ved fleire anledningar opp igjennom åra spela for både Todalen og Søya /Todalen nå han har vore på ferie her. Bildet er fra Todalsdagen 2011, og Fabian er nr tre frå høgre.

 
Vi heiar derfor på Fabian både i morgon og for eit fremtidig landslagsuttak til VM i Polen 2019!
 
 
 
 
Publisert: 18. november 2018, 13:08