Maursund gikk kl 8.20 første turen utover til Svinvika, og var da fullasta med bilar som hadde venta på å kome ut frå Todalen. Båten kjemt til å gå kontinuerlig til alle bilar er frakta ut, og på same måte inn til Todalen. Seinar vil det bli sett opp rute. Vær oppmerksom på at båten kun tek 12 passasjerar, fortrinnsvis sjåførane til bilane som er med båten. Det er kun redningsvestar til vaksne, og eventuelle born som skal være med må i tilfelle ta med eigen redningsvest. Elles henvises til hurtigbåten som går i rute.
Reisende som har med bilar på båten kan altså risikere å måtte vente på neste avgang med hurtigbåten som går i rute mellom Todalen, Svinvika og Kvanne. Antall passasjerer på Maursund er maksimalt 12, og det er ufråvikeleg.
Vi reknar med at alle som har vore «rasfaste» med bilar i Todalen kjem seg ut i løpet av føremiddagen mandag.