Jula nærmer seg med stormskritt, og dei første julemessene er alt annonsert. Det er no vel 7 veker til jul, og det kjem nok til å bli kamp om kundane og kjøpekrafta i tida fram mot jul. 5 driftige damer arrangerer i år julemarked i Sanitetshuset. Det skjer laurdag 17. november, og dei har litt av kvart å by på når dei setter i gang.
Det er Ingrid, Elinor, Wenche, Solvor og Kristine som har gått saman om å lage julemarked, og dei satsar på å få til ei triveleg ettermiddagsstund i Sanitetshuset, der du kan kjøpe forskjellige ting og tang. Der blir det og kaffesalg, med noko å bite i.
Dei tilbyr mellom anna Tupperware, lefse, treprodukt, heimelaga karamellar, fotografier, mølsgraut, strikkavarer, hudpleie, vaskepulver og mykje anna.