Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Førjulskos og allsongkveld i Stangvika

Førjulskos og allsongkveld i Stangvika

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. desember 2010

Stangvik Grendalag ønskjer alle hjertlig velkomne til førjulkos, all-song og fest laurdag 4. desember. Da kjem Per Husby saman med møremusikarane Jo Inge Nes, Øystein Sandbukt, Audun Skrogen og Peter Wergeni til Bondehuset. På dagtid blir det støyping av lys og pepparkakebaking for born, servering av kaffe, gløgg og middagsmatsal. Når det lir mot kveld, vil Per Husby & co trå til med allsongkveld. Etter konserten har møremusikarane lova skikkeleg dansemusikk, slik at folk skal få testa dansefoten før jul.

Grendalaget som er arrangør håper mange vil finne vegen til Stangvik på laurdag. Sjå heile programmet her.
– Dette er eit arrangement tilpassa alle generasjonar, så vi håper, foreldre, born, besteforeldre og oldeforeldre kjem til Stangvik på laurdag og stressar ned i denne førjulstida, skriv Bodil Gjeldnes i Stangvik Grendalag i sin e-post til Todalen.no. Du kan lese meir om denne aktivitetsdagen på nettsida til Stangvik Grendalag.

Først publisert: 1. desember 2010, 07:00 - Sist oppdatert: 30. november 2010, 22:52