Todalen bøgdalag inviterer tysdag 1. oktober klokka 19:30 til ope møte om eventuell endring av vernestatus for Trollheimen. Møtet blir i Todalen ungdomshus og Hugo Pedersen kjem og orienterer om korleis dagens landskapsverneområde fungerer, og kva ei eventuell endringar frå landskapsverneområde til nasjonalpark og eventuell utviding av verneområdet vil ha å seie for framtidig bruk av Trollheimen.
Todalen er som kjent Surnadal kommune sin port til Trollheimen landskapsverneområde. Ei eventuell endring frå landskapsvernområde til nasjonalpark og ei eventuell utviding av verneområdet vil innebere endringar i korleis ein kan bruke Trollheimen i framtida. Det er difor viktig at synspunkta på eventuelle endringar blir gjort kjent for Statsforvaltarane i Møre og Romsdal og Trøndelag, og for Miljødepartementet. Så Todalen bøgdalaget håper folk kjem for å uttale seg, slik at bøgdalaget sin uttale blir representativ for kva bygdefolket i Todalen verkeleg meiner om spørsmålet.
Les meir om saka på surnadal.kommune.no
Enkel servering!
Todalen bøgdalag ønsker alle som er interessert velkommen til møtet!