På Norsk Vandrefestival 2021 som i helga vart arrangert i Rindal, vart Eva Laukøy tildelt Vandrestaven. Det er ei utmerking som vert delt ut til eit friluftsengasjert menneske eller ei foreining som har utmerkt seg i arbeidet for å spreie friluftsglede. Eva Laukøy har gjennom mange år utmerka seg gjennom sin litt tilbaketrekte rolle som programskapar i NRK, heiter det i juryens grunngjeving.
Lauvkøy og teamet hos NRK Trøndelag har produsert TV-seriar som Eventyrjenter, Jens i villmarka og mange innslag i Norge Rundt, der fokus har vært i naturen. Det var Børge Ousland som delte ut prisen på tampen av Norsk Vandrefestival som var avslutta søndag kveld.
Norsk Vandrefestival har sia oppstarten i 2009 delt ut prisen til Årets Æresvandrar. Først ute var Olav Thon som fekk prisen for sitt friluftsengasjement – seinare har mange fleire kome til.
Tidligere tildelingar:
2009 – Olav Thon
2010 – Kristin Krohn Devold
2011 – Øystein Dahle
2012 – Lars Monsen
2013 – Håkon Vang Aas og Bersven Røkkum
2015 – Familien Aasbø
2016 – Møre og Romsdal fylkeskommune
2017 – Jon Bojar Godal
2018 – Meisingset Bygdekvinnelag
2019 – Friluftsrådet i Møre og Romsdal
2021 – Eva Laukøy