Komande søndag, frå kl 15.00 og utover, arrangerer Todalen historielag tradisjonell ettermiddagskafé i Todalen ungdomshus. Denne gongen byr historielaget på kåseri med Gunnvald Bøe, som vil kåsere om ord og uttrykk som er knytta til vêr og vind – og kanskje andre historier. I tillegg vil «Skannerpatrulja» vise nokre gamle bilder frå historielagets arkiv.
Elles blir det sjølvsagt innlagt pause med kaffeservering og utlodding, og tid til å ein hyggeleg prat med kjentfolk som du treffer. Alle er velkomne til ettermiddagskafê!