Underkjølt nedbør laga kaos i skulebusstrafikken i morgontimane i dag. Innafor tunellen var det speilblank is på vegane, medan strøbilen glimret med sitt fravær. Tidlegbussen til Surnadal vidaregåande måtte på med kjettingar på Kvennset, og kom seg vidare mot Surnadal ein time forsinka.
Den ordinære skulebussen måtte snu på Nordvik for å plukke opp elevar på ruta mot Surnadal. Underkjølt regn på morgonkvisten gjorde at vegane var såpeglatte frå morgonen – spesielt der det var nylagt asfalt i Todalsstranda og rundt bygda.