Det er fleire som har etterlyst kantslått på kommunale vegar denne sommaren. Ein slik frodig sommar som vi har hatt i år fører til ekstra mykje vegetasjon rundt vegkantane og det tek etter kvart til å bli trafikkfarleg på enkelte plassar. Det er kanskje bra at det er liten trafikkmengde og folk held låg fart ettersom sikta ikkje er så bra. Ein tur oppover Dalavegen avslører rikets tilstand og det er ingen tvil om at det er behov for kanstslått.
Ein telefon til «vegsjef» Terje Forberg i Surnadal kommune avklarer at det er ting på gang, men dei at det tek litt tid å nå rundt på alle vegane. Ei slunken kommunekasse gjer at det blir kantslått berre ein gong for året, og da blir det nok slik at vegetasjonen veks innpå vegen mellom kvar gong.
Altså er det berre å smørje seg med tålmodigheit for den som trafikkerer etter dei kommunale vegane, så kjem etter kvart turen til Dalavegen og dei andre kommunale vegane i bygda.