Eivind Grønmyr etterlyser gamle protokollar og rekneskapsbøker. Todalen Bondelag arbeider med å samla skrive historia om Todalen Feavlslag. Viktigaste oppgåva til laget var å kjøpa inn og drive utleie av foreningsoksen. Dette hadde stor betydning for avlen av storfe i bygda, og gjorde det muleg å få inn nye gener. Men dei saknar den første protokollen, og saknar difor ein del av historia.
Trygve Åsbø har alt skrive eit utkast til historie for laget, men saknar foto til historia. Ta difor bryderiet med å sjå gjennom gamle albumar, og ta kontakt med Eivind Grønmyr tlf 478 10 128 eller 71 66 38 43 .
Eivind fortel også at det er aktuelt å skrive historia om Todalen Bondelag. Der finns alle protokollane på plass, men det er eit stort bebov for gamle bilete for å illustrere historia. Ta kontakt med Eivind om du har noko å bidra med.
Halsesamlinga/Todalen historielag har brannsikre skåpar der dei kan ta vare på gamle protokollar og rekneskapsbøker for lag og organisasjonar i Todalen. Det er viktig å ta vare på gamle lagshistorier på denne måten, slik at ein får ei sikker oppbevaring. Ta kontakt med Ragnhild Ansnes Moe eller Maren Ansnes dersom du har slikt materiale.