Ja, det spørsmålet stiller ordførar Margrete Svinvik og kommunedirektør Knut Haugen til bygdefolket i Todalen. Politikarane har gjeve dei to i oppdrag å ha ein dialog med bygdesamfunnet for å prøve å finne ei løysing på eventuell etterbruk av skulebygninga etter at skulen vart nedlagt i år.
Tidlegare i haust har dei to hatt møte med grendeutvalet i Todalen, utan at det er funne noko løysing på etterbruken av skulen. No ønskjer dei å kome i kontakt med enkeltpersonar, organisasjonar eller firma som kan være interessert i å kjøpe eller for eksempel leige av eigedommen i 10 år.

Skulebygninga i Todalen – den eldste delen er frå 1920, medan resten av bygningsmassen som utgjer gymsal, sanitæranlegg og kontordelen er av nyare dato. Barnehagebygninga nederst til venstre i bildet er ikkje med i dette opplegget. Foto: Surnadal kommune
I det heileteke er det viktig for oss å kome i kontakt med folk som enten har interesse for eigedomen eller som har gode idear for forsvarleg etterbruk. – Vi vil forsikre oss om at alle har fått sjansen til å kome med forslag eller ønskje før vi går vidare med prosessen.
I rommet som huser biblioteket er det no rydda og teke ut bøker og utstyr som har verdi for kommunen. – Her er og Halsesamlinga lokalisert. Halsesamlinga er Todalen historielags eigedom, men vi stiller gjerne opp for å være med og finne ei ny løysing på ny lokalisering for den.
– Ta kontakt dersom du har ein ide eller er interessert i eigedommen. Du kan godt ta kontakt direkte med ein av oss, seier kommunedirektør Knut Haugen, som no altså jaktar på nokon som kan overta skulebygninga i Todalen…