Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Etterakster etter regn og storm

Etterakster etter regn og storm

Jon Olav Ørsal Måndag 4. mars 2013

Arbeidet med å opne stikkrenner og skaffe avløp for oppsamla vatn held fram. Vegvoktarar og folk frå kommunen har vore i aktivitet heile helga for å skaffe avløp for alt vatnet. No er det stort sett opprydding og finpussing som pågår, samtidig som det er mindre nedbør fram til tysdag ettermiddag, da det blir litt snø etter meldingane til yr.no.

Vidare utover veka blir det litt kaldare, men nedbøren ser ut til å ta ein pause nokre dagar. Her finn du linken til oppdatert langtidsvarsel på yr.no.

Publisert: 4. mars 2013, 20:31