Surnadal frivilligsentral og Surnadal Ungdomsklubb startar i dag eit gratistilbod for ungdomar mellom 10 og 16 år. Måndagar til og med torsdagar i tidsrommet 15:00 til 18:00 vil det bli mogleg å få seg ein matbit i ventetida mellom skuleslutt og til fritidsaktivitetar startar.
Forutan mat vil det også bli mogleg å få gjort unna lekser og/eller å ta eit slag yatsy, kortspel eller andre aktivitetar. Kom og bli med – til fleire vi blir til artigare blir det!