Påska byr på afrikansk stemning i Stangvik. Laurdag (påskeaftan) fortel forfattaren Svein Sæter frå Etiopia, der han og kona Anita Land budde i 2007 og 2008.
Opphaldet resulterte i boka ”Draumen om Abebe Bikila. Reisebrev frå Etiopia”. Den har fått svært gode kritikkar, og er mellom anna innkjøpt av Norsk Kulturråd. Sæter har tidlegare kåsert med utgangspunkt i boka i både Oslo, Bergen og Trondheim. No er altså turen komen til heimbygda.
Det heile skjer i Bondehuset, med Stangvik Grendalag som arrangør.
– Det kjem til å bli ei svært underhaldande kveldsstund, lovar Bodil Gjeldnes i grendalaget.
Vi takkar Anita Land for bilete og tekst. Start på arrangementet er 19.00.