Etter initiativ fra varaordførar Hugo Pedersen vart det før helga nedsett ei beredskapsgruppe landbruk i Surnadal. Gruppa består av leiarane i Bondelag og Småbrukarlag og i saueavlslag, mjølkeprodusentlag, skogeigarlag osv. I tillegg er varaordførar og jordbrukssjef med og ikke minst avløysarlaget.
Gruppa skal med sitt breie kontaktnett kunne vere til hjelp dersom nokon i landbruket kjem i ein situasjon der dei treng hjelp, og i tillegg blir dette ei ressursgruppe dersom samfunnet elles kan trenge hjelp frå landbruket. Bøndene er ressursterke folk som er vant til å løyse utfordringar og vi rår over mykje maskiner og utstyr som er til hjelp ved ulike natur og værrelaterte hendingar mellom anna. I ein situasjon der andre kan vere sette ut av spel til dømes på grunn av sjukdom kan det hende det finst kapasitetar hos landbruket, skriv Oddvar Mikkelsen i ein e-post til Todalen.no.