Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Et slag mot kreft» på søndag

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 8. juni 2023

Søndag 11. juni klokka 11:00 inviterer Surnadal Golfklubb til si tradisjonelle og særs uhøgtidlege, men likevel så viktige lagturnering «Et slag mot kreft» på Surnadal Golfpark på Mo. Dette er ei turnering alle golfklubbar over heile landet arrangerer i samarbeid med Kreftforeningen, og er ei lavterskel golfturnering som er perfekt for nybegynnarar. 

I denne turneringen er det mogleg å gå saman med vener og kjente, eller kanskje saman med representantar frå golfklubben sine sponsorar? Elles kan ein slå nokre slag innimellom og få lære litt av av dei som har litt golferfaring frå før.

Med andre ord ei verkeleg lavterskel golfturnering, så her er det berre å melde seg på og samtidig støtte ei god sak. 

Det bør vere to golfarar per lag, som spelar saman med nokon som aldri har eller som har spelt lite golf frå før. Alle lag bør ha med minst ein nybegynnar eller heilt fersk golfspelar.  

Meir informasjon om turneringa «Et slag mot kreft» – søndag 11. juni.

Bli med og slå «Et slag mot kreft» på søndag!

 


Medlem i Todalen.no –


 

Først publisert: 8. juni 2023, 05:00 - Sist oppdatert: 7. juni 2023, 20:18