Som det heiter i Tre Små Kinesere sin klassikar «Klasebilde» frå 1994. Etter at vi for eit par veker sidan, presenterte Ingri Bruset sitt «Mitt Prosjekt 2», der ho hadde lagt med eit klassebilete frå skuleåret 1965/66, så har vi fått nokre spørsmål om namna på dei som var med på biletet. Biletet vart som tidlegare skrive teke skuleåret 1965/66 og viser 4 og 5.trinn ved Todalen skule dette året.
Så då kjem namna på dei som var med på biletet her:
1.rad frå venstre: Ingri Bruset, Gerd Elin Husby, Elin Melvold, Marie Hyldbakk, Lisbet Kvendset, Randi Grønmyr, Ragnhild Ansnes og Anne Kristine Todalshaug.
2.rad frå venstre: Bjørg Telstad, Jan Arne Vassvik, Nils Ingebrigt Øyen, Knut Halset, Odd Magnar Gjeldnes, Birger Magne Todalshaug, Ola Halle og Ragnhild Halle.
Attom ser vi frå venstre: skulestyrar Ola Telstad og sløydlærar Jan Nordvik.