Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik sikra seg seieren i Bankmila – oppdatert med resultatliste

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. juni 2024

Erik Kårvatn tok teten frå starten, da startskotet for Bankmila gikk idag.  Og Erik auka avstanden til konkurrentane gjennom heile løpet, og kom i mål på 34:59 som var 3:26 framfor nr 2 som var Per Myren frå IL Norodd.  På tredjeplass kom Øivind Berthelsen-Tangvik med 5:20 etter Kårvatn. I dameklassen var det Berit Mogstad som hadde den sterkaste tida, med Ragnhild Mogstad hakk i hel 45 sekund etter.  På tredjeplass kom Ann Kristin Amundsen frå IL Norodd med 1:33 etter.  

Erik Kårvatn og Berit Mogstad – best i kvar sin klasse. Foto Jon Olav Ørsal

Det vart ikkje nokon rekor i dagens løp, så rekorden til Ørjan Kjeldsli på 33;44 som vart sett i fjor den står framleis.  Men derimot vart det ein solid deltakarrekord med total rundt 190 deltakarar med smått og stort.  Av desse utgjorde Minibankmila rundt 90 deltakarar, og i det fine vêret vart dette nærast ein festdag på Skei.  Start og mål var på plassen mellom kommunehuset og banken, og det var eit yrande liv på plassen utover formiddagstimane. 

Pokal for beste bedrift som deltok på Bankmila gikk til gjengen frå PipeLife. Her er dei på toppen av pallen… Foto Jon Olav Ørsal

Bankmila er ein del av arrangementet Sommar i Surnadal, og jammen vart det ein fin sommardag som også vart ein festdag med mykje folk ute på by’n.  Det er Surnadal Idrettslag og Sparebank1 Nordmøre som samarbeider om å arrangere Bankmila og Minibankmila.

Her kan du sjå og eventuelt laste ned PDF-fil med den komplette resultatlista for alle klassar det er utført tidtaking på!

Minibankmila hadde bortimot hundre deltakarar – ein formiddabel rekord. Her er gjengen klare til start! Foto Jon Olav Ørsal

Nedafor har vi lagt ut eit bildegalleri frå bankplassen og rundt omkring – alle foto Jon Olav Ørsal

 

Først publisert: 22. juni 2024, 17:32 - Sist oppdatert: 23. juni 2024, 19:07