Denne veka har Bergen og Voss arrangert NM-veka, der 11 idrettar i løpet av 4 dagar skal gjennomføre 23 norgesmesterskap, der heile 68 NM-vinnarar skal kårast. NM i Randonee er mellom idrettane som står på programmet, og der sikra Erik Kårvatn sølvmedalje i laurdagens sprintkonkurranse, nokre fattige sekund etter vinnaren Hans Inge Klette frå Voss, som konkurrerte på heimebane.
Erik starta dagen med å vinne eit av dei 4 innleiande heata, og dermed var det stor spenning i fortsettinga i semifinalen, der Erik vart nr 2 i det første semifinaleheatet etter nettopp Hans-Inge Klette. Begge to var dermed sikra direkte plass i finaleheatet i tillegg til Trym Dalset Lødøen, Lars Erik Skjervheim, Bjørn Hugo Herfindal og Thomas Berge Føyn.
I starten på finaleheatet var Hans-Inge Klette kjapt ute og tok leiinga. Erik hengte seg på, men klarte ikkje å kome forbi Klette, men klarte gjennom heile heatet å halde andreplassen som han sikra heilt til mål, medan Trym Dalset Lødøen måtte ta til takke med ein 3. plass. Trym og Erik har konkurrert i heile vinter, og Trym har nok trekt det lengste strået i dei fleste konkurransane, men i dag hadde han ingen sjanse mot Erik, som altså sikra seg sitt første NM-sølv.