Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik perset under UM på Overhalla

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. september 2018

Erik Kårvatn har i helga delteke i Ungdomsmesterskapet (UM) i friidrett på Overhalla i Namdalen, og Erik var teken ut til å løpe 800 meter i klasse G15.  Det er 23 deltakarar i klassen hans som har kvalifisert seg til å delta på UM på landsbasis, så det er eit høgt nivå. Erik er inne i sin første sesong på friidrettsbanen og trenar og deltek for Rindal I.L. der det er eit rikt friidrettsmiljø. UM var hans første storstemne så langt.

Erik finn bane 1 og låg midt i feltet på førsterunden – etter ein formidabel spurt hamna han på 2 plass i sitt felt. Tor Jarle Bolme

Erik var litt spent før han dro til UM på Overhalla på grunn av eit kne som trøbla litt. Men det gikk etter kvart bra og resultatet tyder på at kneet held på og blir restituert. beste 800m hittil i år er 2,10 og dermed var det duka for ny pers på 2,08.74 som er ei betring av persen på mesta 2 sekund.  Det heldt til 17.-plass.  Deltakinga i UM i Overhalla var lærerik og ein stor inspirasjon for Erik, som no vil satse vidare på friidretten.

Erik er veldig godt nøgd med ein 17.-plass på landsbasis i klasse G15. No vil han satse vidare! Foto Gudmund Kårvatn

Klubbkamerater som deltok på UM på Overhalla – Mathilde Eidnes Bakken som i dag deltok i spydkonkurransen og Mali Eidnes Bakken som også deltok i 800 m J15 og som også persen med rundt eit sekund.. Foto: Tor Jarle Bolme

 

Publisert: 1. september 2018, 18:07