Erik Kårvatn er på skikkeleg «utror» denne veka, da går nemleg turen til Boí Taüllai Spania, der han skal delta i VM i randonee som blir arrangert i perioden 28. februar til 5. mars. Alt tysdag kl 08.28 står det kvalifisering til sprint på programmet for Erik som går i klasse U20.
Under årets VM som arrangerast i Boí Taüll går det følgande øvingar av stabelen: Sprint, vertikal, lag, individuell og miksstafett, så det blir travle dagar for den norske deltakartroppa som altså er etablert i Boí Taüll. Den norske deltakartroppa består av 14 deltakarar:
U18
Elise Hjelset Andersen (Tromsø Randoneeklubb)
Malin Indergård (Romsdal Randoneeklubb)
Ingfrid Klokset (Tomrefjord IL)
Mads Kirkreit Gjethammer (Romsdal Randoneeklubb)
Emil Aslaksen Røed (Romsdal Randoneeklubb)
Kristoffer Strømdal Wik (Byåsen skiklubb)
U20
Ida Waldal (Hommelvik IL)
Erik Kårvatn (Trollheimen Fjellsportsklubb)
U23
Trym Dalset Lødøen (Haugen IL)
Sander Engdahl (Romsdal Randoneeklubb)
Morten Antonsen (Gjerdrum IL)
Senior
Hans-Inge Klette (Viljar IL)
Vegard Øie (Romsdal Randoneeklubb)
Bjørn Haugo Herfindal (Tromsø Randoneeklubb)
Kva øvingar dei enkelte utøvarane skal gå har ikkje oversikt over enno.
Vi skal prøve å skaffe tilveie link til TV-overføring og resultatservice etter kvart.