I helga har Erik Kårvatn delteke på Trondheimslekene 2018. Eit stort friidrettsstemne kor friidrettsutøvarar frå heile Midt Norge møtes for ulike friidrettsgreiner. Erik spring for Rindal IL og har delteke i to ulike distansar; 400 meter i går, og 800 meter i dag.

Her fra laurdagens 400 meter, kor Erik sprang inn til tida 57,34 i klassen G-15 og vart kretsmeister.. Sett i klassen G15-17 gav dette ein fin 2. plass.
I dag søndag kom han på ein sterk 2. plass i G15 på 800 meter på tida 2.10.50, 6 sekund etter 1. plassen. Dette resulterte til direkte kvalifisering til UM (NM for ungdom) i Overhalla 31.-2. september.

Erik byrja med friidrett no sist vinter og spring for Rindal IL. Her saman med Erik Løfald som deltek i klassen over. Ein lidenskapleg og engasjert trenar Tor Jarle Bolme var med gutane under helgas arrangement i Trondheim, fortel far Gudmund Kårvatn. Alle foto: Gudmund Kårvatn
Vi reknar derfor med å sjå meir til Erik som ere ein allsidig idrettsutøvar som også spelar fotball og deltek på randonee-renn vinters tid.