I sommar skal todalingen Erik Kårvatn delta i junior-VM i Skyrunning. Junior-VM skal gå føre seg i dei italienske alpane, og Erik skal delta i to konkurransar under junior-VM. Den eine konkurransen er Skyrace der Erik og dei andre skal springe 22 kilometer, med ein total høgdemeterforskjell på 2200 meter. Den andre konkurransen er ein såkalla Vertikal. Her spring løparane så raskt som mogleg 1000 høgdemeter.
I mars i år deltok Erik i Randonee-VM i Andorra. På sprinten her kom han til finalen, og vart til slutt nummer seks.
Du kan lese heile reportasjen om Erik i Driva (krev abonnement) ved å trykke på lenka: » – 22 km og 2200 høydemeter i Italienske fjell»