Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik Kårvatn: Det blir ein sesong som gjelder

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. juli 2022

Neste sesong blir ein sesong som gjelder for meg, seier Erik Kårvatn og siktar til at han har fått fornya tillit til landslaget, og at det er siste år som junior.  Det blir nok ein viktig sesong med tanke på å etablere seg i herreklassen på landslaget.  Til hausten startar Erik studier i Meråker, og han reknar med å få god hjelp til dette oppi der.  No først blir det to år i Meråker – sia kan det bli aktuelt å ta bachelor og da kan det bli aktuelt å ta minst 3 år til.  Vi får sjå, seier han?

No har Erik sommarjobb på butikken heime på Kårvatn Fjellutstyr, saman med Oda Halle. Kjekt å tjene nokre kroner til neste sesong startar, seier Erik. Foto Jon Olav Ørsal

Landslaget
Det blir iallfall 2 år med randonee i Meråker frå hausten av, og da blir det mykje tid til ski og trening. Her håpar han å treffe likesinna, slik at det blir eit godt miljø for treningsaktivitetane og for motivasjonen.  Veit iallfall at Morten Anthonsen kjem dit, og kanskje kjem fleire eg alt kjenner frå miljøet. Det blir iallfall spennande år med stor aktivitet med både skule, samlingar og konkurransar.  Sjølvsagt blir det randonee som får 1.-prioritet, men kjem nok til å supplere med mykje løping

Spennande blir det og at randonee blir OL-grein alt frå 2026.  Det blir veldig bra for sporten , og kjem til å styrka samarbeidet med Olympiatoppen både med tanke på kompetanse og økonomi.  I første omgang er det sprint og mix-stafett som kjem med på OL-programmet, og det passar meg utruleg bra, seier Erik. 

Snart ber det til Andorra og junior-VM i Skyrunning for Aron Rodal Haugen og Erik Kårvatn. Dei har sterke løp å vise til og er spente på kvar det internasjonale nivået ligg? Foto Vigdis Rodal

Junior-VM i Skyrunning
Men alt i slutten av juli – nærare bestemt 22. – 24. juli står Junior-VM i skyrunning på programmet i Andorra (mellom Frankrike og Spania).  Slik det ser ut i dag så reiser det ei tropp på 11 deltakarar frå Norge.  To av disse er frå Trollheimen Fjellsportklubb – nemleg Erik Kårvatn og Aron Rodal Haugen.  Aron i yngste juniorklassen U18 og Erik i klasse U20.  Begge har levert sterke løp så langt i år, og det blir spennande korleis dei hevdar seg i internasjonalt løparmiljø.

Blir spent med ny trasee for Kårvatn Skyrun, seier Erik, som alt har vore på ein liten prøvetur på den nye traseen. Foto Jon Olav Ørsal

Ny trasee for Kårvatn Skyrun 2022
Laurdag 20. august går Kårvatn Skyrun 2022 av stabelen. Nytt i år er at det blir ny trasee, som det settes store forventningar til, fortel Erik.  Den nye traseen går innover Naustådalen og opp på Strankåbotnfjellet og vidare til Tveråbotnfjellet og så vidare utover til Tydalsnebba til Kvennåbotn og ned stien og målgang på Kårvatn.  Dette blir ein runde på rundt 27 km og altså den lengste løypa. Ei kortare løype for juniorklassen, blir på rundt 15, og her blir Naustådalen kutta bort, slik at løypa går rett opp til Tydalsnebba og vidare mot Kvennåbotn og til Kårvatn.  

Publisert: 7. juli 2022, 12:42