Under laurdagens konkurranse på 29 km på Kårvatn Sky Run 2021 var det ingen som klarte å hamle opp med Erik Kårvatn. morten Antonsen låg lenge først, med Erik på andreplass. Det var på tur ned frå Slanglifjellet til Tovatna at Erik ga gass og etter det var han uslåeleg på turen inn til mål. Erik kom i mål på 3:31:21. På andreplass kom Morten Antonsen 1:24 etter og på tredjeplass kom Fredrik Bruseth på 3:33:38.
I dameklassen på 29 km var det Kristina Axelsson som fekk beste tid på 4:15:34, med Linnea Valhovd Hove på andreplass og 9,30 etter og tredje plassen gikk til Elise Antonsen 26:52 etter. Tilsammen var det 7 løparar som fullførte i dameklassen.
I Kårvatn Sky Run 43 km var Magne Svare frå Lalm tilnærma uslåeleg. Han låg i tet heile løpet og kom inn på 6:39:42, medan andremann Magnus Esberg kom på andreplass på tida 7:12:16 og Halvor Drøpping på tredjeplass 7:25:45. I dameklassen var det Synne Hoggen Nybø som trekte det lengste strået, og kom inn på 7:32:26.
I Barneklassen på Storfjellet Opp var det 8 deltakarar. Beste tid fikk Isak Drøpping, medan Einar Meland kom på andreplass og Mikolaj Kahrs kom på tredje.
Det var nok mange – både deltakarar, publikum og ikkje minst arrangøren Trollheimen Fjellsportklubb som var usikre på vêret og korleis det ville utvikle seg utover dagen. Arrangøren gjorde nok eit rett val der, når dei i tidlege morgontimar vurderte det som trygt å køyre løpet. Og vêret var berre betre og betre utover dagen, og etter kvart kika også sola fram innimellom. For løparane gikk det også stort sett bra, sjølv om det var nokre som hadde ei lita utfordring med skodda oppå Grinaren.
Dersom du har behov for komplett resultatliste frå årets Kårvatn Sky Run 2021 så kan du laste ned resultatlista i PDF-format her!