Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Er vi på vei mot stupet, eller finnes det håp?»

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 17. oktober 2024

Det spørsmålet stiller Fredrik Græsvik i foredraget med same namn på Surnadal kulturhus onsdag 23. oktober klokka 19:00. Da held nemleg Fredrik Græsvik eit foredrag der fokuset er retta mot den internasjonale sikkerheitstilhøva i verda akkurat no, med hovedfokus på Donald Trumps muligheiter for attval og kva det vil bety for USA og Verda.

Han vil også fortelje om den dramatiske konflikten i Midtausten og Russlands trussel mot Europa. Siden 1992 har Verda vor Fredrik Græsvik sin arbeidsplass. Med hovedfokus på Midtausten og USA har TV 2 sin tidligare utenrikskorrespondent opparbeidd ein unik kunnskap om krigar, konfliktar og internasjonal politikk.

Han har vore tett på verdsleiarar og stått midt i historiske augneblink. Han var der da den amerikanske kongressen vart storma i januar 2021. Under hele Trumps første presidentperiode var Fredrik Græsvik i USA. Frå sin base i Washington DC reiste han landet rundt i fem år for å forsøke å forstå kvifor amerikanske velgarar vil ha Donald Trump som president. Fem gonger besøkte han Trump i Det ovale kontor.

Billettar til foredraget kjøper du her

 

Publisert: 17. oktober 2024, 18:52