Laurdag 1. oktober inviterer Todalshytta til fårikåldag basert på årets lam. Siste veka på september er det lang tradisjon for å lage fårikål for å smake på årets lam. Lam som nærast er komene direkte frå fjellbeite i Trollheimen er vel noko av det ypperste du kan få som råstoff, seier Kjell Arve Vikavoll som skal sørge for at dette blir vellukka.

Fårikål frå prima lam frå beite i Trollheimen – og nyopptekne poteter frå Ranes – kan dt bli betre? Foto Jon Olav Ørsal
På Todalshytta serverer vi fårikål ein dag kvar haust, og de gjeld det å henge seg på. Med lam frå Trollheimsbeite og nyoppteken potet frå Ranes må det berre bli bra. Restauranten er alt open for booking og for å bestille kan du berre klikke på linken her eller du kan ta ein telefon til Arve på 929 97 550 så er du sikra eit måltid fårikål for kr 279,-. Restauranten er open for servering laurdag 1. oktober frå kl 14:00 til kl 18:00.