Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Er du einsam kan det påverke helsa di

Jon Olav Ørsal Onsdag 20. august 2025

Onsdag starta Pensjonistforbundet Surnadal på «haustsemestret» med det første medlemsmøtet etter ein lang sommarferie. I haust skal dei kjøre ein møteserie der dei vil sett fokus på folkehelsa. Først ute var det Trine Glåmen som var hyra inn som foredragshaldar med tema «Folkehelsa i Surnadal – einsemd påverkar folkehelsa».  

Det var stinn brakke da Pensjonistforbundet Surnadal hadde sitt første haustmøtet i i dag. Rundt 70 deltakar møtte opp i dag. Tydeleg at det var eit aktuellt tema. Foto jon Olav Ørsal

Pensjonistforbundet Surnadal har knappe 260 medlemar, og i dag var godt og vel 70 av dem på plass i Frivillighetssentralen da leiar Bitten Ranes kunne ønskje velkomen.  Tydeleg at det var eit aktuelt tema som stod på dagsorden.  Det var rett og slett «stinn brakke» da folkehelsekoordinator Trine Glåmen slapp til med sitt foredrag. Ho heldt eit interessant og aktuelt foredrag om stoda for folkehelse i Surnadal og kva vi kan forvente oss i tida framover – ikkje minst med eldrebølgja som kjem til å toppe seg fram mot 2050. 

Brage Einum og Anne Sissel Mogstad var forsongarar medan Rolf Arne Berg trakterte pianoet i Sønnavindvalsen som allsong. Foto Jon Olav Ørsal

Ho sette fokus på tilhøva slik dei er no, med sterke og svake sider – og korleis vi kan forvente oss at utviklinga bli i tida framover.  I samband med planarbeidet er det laga ein analyse for Livskvalitet og folkehelse som kan samanfattast i 6 punkt:

  • Befolkningssamansetning
  • Oppvekst og levekårstilhøve
  • Fysisk, biologisk, kjemisk og sosialt miljø
  • Skader og ulykker 
  • Helserelateert adferd
  • Helsetilstanden

Her er det gjort samanlikningar med andre kommunar og for heilse landet.  Utover hausten blir det altså ein møteserie der kvart medlemsmøte får eit tema som er relatert til dette prosjektet.

Traktering hører med – leiar Bitten Ranes sørgjer for at Nils Mogstad og Kristian Ranes får påfyll. Foto Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 20. august 2025, 19:13