17. oktober er den nasjonale refleksdagen, og både Trygg Trafikk, Sparebank 1, NAF og Gjensidige markere denne årlig. Og det trengs nok, for mange av oss som ferdas ute i trafikken no når det er mørkt, manglar refleks.
Vi har sett saman nokre «kjekt å vite om refleks» frå heimesida til Trygg Trafikk:
- Kun 4 av 10 brukar refleks
- Ein bilist i 50 km/t har to sekund på seg til å reagere når han møter ein person utan refleks.
- Med refleks har bilisten 10 sekund, som tilsvarar ca 140 meter.
- Refleksen vises best i knehøgde.
- Vasking av refleksvest tappar reflekskvaliteten. Kjøp ny etter 25-30 vask.
- Velg alltid refleks med CE-merke som er eit kvalitetsstempel.