Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Er det du som har mista ein hundsele

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. august 2023

Onsdag var Per Ørsal på moltetur i området ved Snekkardalshalsen, og der rett i lyngen utafor stien fann han denne hundselen som nokon hadde mista.  Den låg litt nedafor stien som går frå Snekkardalshalsen og innover Snøfjellet i retning Midtryggen/Bjøråskaret. Per tok den med ned, og søker no etter eigaren, og har lagt den inn på Matkroken i Todalen etter som han bur i Molde.

Per var på moltetur da han fann hundselen ved turstien frå Snekkardalshalsen mot Bjøråskaret. Foto Jon Olav Ørsal

Per har vakse opp i Todalen, og må ha eit par tre turar på molteplukking kvar sommar.  I år har resultatet vore bra og har hausta inn rundt 20 kg på desse turane  – har eit par søstre i Surnadal som har fått nyte godt av dette år, fortel Per. I dag hadde han det forresten travelt ettersom MFK-patrioten skulle på fotballkamp på Aker stadion i kveld.

Publisert: 2. august 2023, 15:53