Laurdag var det både epler og anna frukt som stod i fokus i Svinviks Arboret. Dei hadde fått besøk av ein av landets fremste ekspertar på fruktdyrking, professor Gustav Redalen, til å halde foredrag om epledyrking. Han la for dagen ein enorm kunnskap om fruktdyrking, og formidla dette til tilhøyrarane på ein lettfatteleg og lærerik måte.
Først ute var Maja Frønes om ønska velkomen til «Epledagen» i arboretet. Vidare orienterte Katarina Wedelsbäck-Bladh, som er fagleg ansvarleg om frukthagen i arboretet som er under restaurering. Ho fortalte at det på det meste var 106 fruktsortar i arboretet. Dei siste åra har det vore arbeid med å finne attende til dei mange gamle sortane som har vore der, og per i dag er det 71 sortar som er på plass. Dette er ein del av det internasjonale samarbeidet om å ta vare på det biologiske mangfaldet og bevare genetiske ressurser. Tidlegare har arrangert podekurs som ein del av dette arbeidet.
Gustav Redalen er 3. generasjon fruktdyrkar i Redalenfamilien på Vikersund, og er utdanna både på hagebruksskule og på landbrukshøgskulen på Ås, og er no fagsjef i Det Norske Hageselskap. Han har delteke i arbeidet med å identifisere ein del av dei gamle fruktsortane som finns i arboretet. Han har jobba mykje med epler og har mellom anna deltake i arbeidet med å krysse fram eplesortane Katja og Aroma og kanskje fleire til.
I dagens foredrag tok han for seg tips om korleis ein skal lykkes med fruktdyrking i private hagar. Det er nemleg stor forskjell på privat og profesjonell fruktdyrking, der den profesjonelle delen er mykje meir avhengig av økonomi. Ved privat fruktdyrking er det viktig å bruke sterke sortar med tanke på å unngå sjukdomar og dermed bruk av sprøytemidlar.
Eit godt tips for å unngå skorpe på frukta er å fjerne alle blad og råtne frukter etter sesongen. Desse held nemleg på sopp- og sjukd9omssmitte og fører dette lett vidare til neste sesong. Får du vekk blader og råtne frukter frå hagen så er sjansen større for å berge unna slike angrep neste år. Viktig er det også at du skaffer frukttrær som er hardføre nok til å tåle klimaet her. Todalen ligg i klimasone H-4, og dette indikerer vekstsesongen lengde og klima.
Redalen gikk gjennom både nye og gamle fruktsortar som egna seg godt for bruk her og kunne fortelje om både fordeler og bakdeler med dei enkelte fruktsortane. Du kan finne mykje informasjon om dei forskjellige sortane både på nettet og i litteratur som finnes om temaet. Han gikk også gjennom prinsippa for beskjæring av frukttrea og korleis du kan få trea til å yte mest muleg og med best muleg kvalitet. Dersom det er frukt som skal spises, så får du mykje bedre kvalitet ved å tynne ut frukta tidleg i sesongen når frukta er på størrelse med druer. Beskjæring gjøres både for å forme trea og for halde grenmassen ung og fruktbar – og for å sleppe til lys og luft.
Når han snakka om gjødsling av frukttre vart vi egentlig litt overraska – best resultat oppnår du ved å gjødsle minst muleg. Dette gjeld spesielt for å få frukt som er god på smak. Heim på fruktgarden brukar han ein liten neve med gjødsel på kvart tre og det held i lange baner.
Etter foredraget vart det servet kaffe og sjølvsagt var det eplekake til kaffe på ein slik dag.! Det var mange som hadde med seg forskjellige eplesortar, for å få hjelp til å finne ut kva sortar det var. For mange av sortane var det utsjånad som røpa det meste, men det var også behov for å smake på dem for å være sikker.