Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eplepressing i arboretet onsdag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 27. september 2024
Onsdag 2. oktober klokka 16:00 – 19:00 inviterer Svinviks arboret til eplepressing i arboretet. Så har du epler i hagen i år, og har lyst til å lage din eigen eplemost? Ja, da er arboretet rette staden å dra til onsdag ettermiddag!
 
For da kan du få pressa frukt hos Svinviks arboret og ta med heim. Du kan også ta turen innom om du berre har lyst til å sjå på fruktpressinga, eller ta ein tur i den haustfine hagen.
 
Arboretet kjem også til å ha noko frukt frå hagen i arboretet som du ein kjøpe og presse.
 
Alle som vil presse må ha med eigne flasker/emballasje. Det er viktig å hugse å reingjere desse godt på førehand.
Møt opp når det passar mellom klokka 16:00 – 19:00. Om det kjem mykje folk kan det bli litt ventetid, men da kan ein korte ned ventetda med ein kaffekopp og eplekake i kafeen!
 
Tilbodet gjeld for den som vil presse litt til privat bruk, ei bøtte eller to.
 
Inngangsbillett er kroner 75,- pr. pers (barn under 16 år gratis).
 
Meir informasjon om Nordmørsmusea og Svinviks arboret finn ein på heimesida deira nordmorsmusea.no.
 

Medlem i Todalen.no –


Publisert: 27. september 2024, 15:01