Søndag 8. oktober klokka 12:00 – 16:00 inviterer Svinviks arboret til haustferiestart med epledag i arboretet. Da blir det eplepressing, eplekake og open hausthage.
Arborete har fått ny fruktpresse, og alle er velkomne til å ta med eiga frukt og få med seg nypressa saft heim. Ikkje gløym å ta med eigne flasker. Hugs at å vaske flaskene godt! Om du ikkje har frukt, eller berre er nysgjerrig på korleis dette foregår er du sjølvsagt også velkomen innom arboret!
Det blir også høve til å få smaksprøvar av fleire sortar frå den store eplesamlinga arboretet har i frukthagen sin. Kanskje noko for deg som vurderer nye sortar til hagen?
I kafeen byr dei på ulike typer eplekake og kaffe!
Det er også sluttsal på årets små-is til god pris!