Eit lite tips gjorde at vi tok turen til rasteplassen som ligg ved vegen i Stranda inn mot Todalen. Da vi nærma oss var ein stor flokk med måse og kråke det første vi fekk sjå, men dei letta før vi fikk kamera «skuddklart». Og det var slett ikkje vanskeleg i finne årsaka – mange kilo med fiskeavfall var tippa rett utom kanten på rasteplassen. Her er det duka til kalas både for kråker, måser og kanskje til og med havørn dersom ingen tek affære og fjernar griseriet.
Det var avfall frå mange fiskar – mellom anna sei og lyr – og det var tydeleg at fileane var skåret ut og resten kasta. Men tenk å grise til rasteplassen med å kaste dette her? Avfallet såg ut til at fiskeavfallet var ferskt enno og det tyder på at dette har skjedd i løpet av nattas mulm og mørke, og kanskje er det nokon som har gjort observasjonar i området i går kveld eller natt?
Vi må gje ei klar oppfordring til den som har grisa til her, om å ta ansvar og rydde opp etter seg!