Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Engasjer deg for framtidas kommune!

Elinor Bolme Tysdag 24. mars 2015

Torsdag kveld klokka 19.30 er det Todalen sin tur til å få besøk av ordførar Lilly Gunn Nyheim og rådmann Knut Haugen i forbindelse med den nye kommunereforma som skal innførast. Her håpar dei to at todalingane finn dette såpass interessant at dei går mann av huse for å delta i debatten om korleis ein ser for seg framtidas kommuneorganisering skal bli. Og da spesielt dei yngre, som tross alt skal leve lengst med løysinga ein kjem fram til etter kvart. Dei vil den første timen av møtet informere om den nye kommunereforma. Etterpå blir det opp til dei frammøtte til å komme med sine innspel som dei to kan ta med seg tilbake i den vidare prosessen for Surnadal kommune sitt vedkommande.

I dag har vi ein såkalla generalistkommune, der alle er organisert likt, store som små kommunar. Men med den nye kommunereforma som skal vedtakast, er dette foreslått endra, der ansvarsområda i store og små blir ulike. Sist fredag kom ei oppgåvemelding frå Regjeringa, der 30 ulike punkter vart foreslått skal endrast frå at fylkeskommunane har ansvaret i dag til at kommunane skal sjølv overta dette ansvaret til slutt.

I følge www.kommunal-rapport.no foreslår Regjeringen å overføre ansvaret for følgende oppgaver til kommunane:

  • Tannhelse
  • Rehabilitering
  • Basishjelpemidler
  • Distriktspsykiatriske sentre (DPS) (forsøk)
  • Barnevern
  • Familievern
  • Boligtilskudd
  • Varig tilrettelagt arbeid
  • Arbeids- og utdanningsreiser
  • Finansiering pasienttransport
  • Tilskudd frivillighetssentraler
  • Forenkling av utmarksforvaltning
  • Motorferdsel
  • Lokal nærings- og samfunnsutvikling
  • Større handlingsrom i plan- og byggesaker
  • Tilskudd nærings- og miljøtiltak i skogbruk
  • Tilskudd beite, jordbruk, verdensarv
  • Konsesjonsbehandling, småkraftverk
  • Enkeltutslippstillatelser, forurensingslov
  • Naturforvaltning
  • Det åpnes for at storbyene kan ta over ansvaret for videregående skoler og for kollektivtrafikken under bestemte forutsetninger

-Møt opp på Todalen Oppvekstsenter torsdag og kom med dine innspel til det beste for framtidas Surnadal kommune, oppfordrar Lilly Gunn og Knut.

 

Først publisert: 24. mars 2015, 04:00 - Sist oppdatert: 23. mars 2015, 22:44